24 - 25 Juli 2015

24 - 25 juli 2015 er fabrikken på Huglo nok ein gang klare for å levere deg den finaste musikken, beste maten og sommaren si garantert trivelegaste festivaloppleving. Fabrikken 2015 har mykje på lager.

Thomas Dybdahl (solo)

Thomas Dybdahl har gjennom solokarriera si markert seg som ein av Noreg sine fremste artistar! Med heile 6 album har Dybdahl gitt oss mange magiske stunder. Han har turnert mykje både inn- og utland, og begeistra ei heil verd. Fabrikken 2015 på Huglo står på lista over eit eksklusivt utval festivalar som Dybdahl skal besøke på soloturnéen sin i Noreg. Forvent deg magi!

Fredag 24. Juli 2015

C L M D

Med singlane “Black Eyes and Blue” og “Stockholm Syndrome” tok CLMD Noreg og verda med storm. Seinare følde hits som “Wild man”, og oppvarming for kjente artister som David Guetta, Calvin Harris og Madonna. Den tidligare duoen består no av Martin Danielle, som fortset CLMD under tilnavnet “Create Love, Music & Dreams”. I juli tek han pause i studioarbeid i L.A. eins ærend for å spela for festglade festivalgjengarar på Huglo!

Laurdag 25. Juli 2015

Jonas Alaska

Jonas Alaska sjarmerte heile landet med debutalbumet sitt i 2011. Han vann Spellemannspris, toppa radiolistene og selde ut klubbar over heile landet. Debuten vart følgd opp av eit akustisk innspelt album, og Alaska sitt tredje album er venta våren 2015.

Laurdag 25. Juli 2015

Elsa & Emilie

Dei to unge jentene frå Sunde i Kvinnherad og Haugesund gav i haust ut debutalbumet «Endless Optimism» på Sony Music Norge. For dette albumet er dei nominert til Spelemann i kategorien «årets nykommar». Frå albumet har singlar som Run, Another Day og tittellåta Endless Optimism blitt lista på NRK P3. Elsa & Emilie har mellom anna spelt på VG-lista showet på Rådhusplassen, Lindmo, P3 Christine og ByLarm.

Fredag 24. Juli 2015

The Lionheads

The Lionheads lasta opp sin fyrste låt, Stars, på NRK Urørt i 2012. Nokon dagar seinare var dei å høyra i NRK. Etter dette har kvar sluppen singel blitt lista på enten radiokanalen NRK P1, NRK P3 eller begge samtidig. 8. september slapp dei debutalbumet, 'Human Walk’, og har gjort fleire forrykande live-konsertar i etterkant av dette.

Fredag 24. Juli 2015

Pony the Pirate

Pony the pirate vart døypt “Norges nye pophelter”, og piratane debuterte som fjerde mest spelte norske band på radio. Det var i 2009. Sidan fulgte hovudscena på Hove, Øya, Quart og alt av norske festivalar. Fleire år er gått, åttemannsbandet er blitt til 3, og piratene er igjen på tokt!

Laurdag 25. Juli 2015

Tiebreaker

Oddabandet Tiebreaker har gjort stor suksess dei siste åra, med hyppig konsertaktivitet både i innland og utland. Debutalbummet “We come from the mountains” hausta gode kritikkar med lovord som “Norges beste nye rockeband” frå blant anna musikkjournalist Bård Ose (NRK P1, RadioRock, P-I-L-S). Skamløs rock & roll til folket!

Laurdag 25. Juli 2015

Trygve Skaug

Trygve Skaug er låtskrivar og vokalist, kjend frå bandet StMorritz, som debuterte på norsk med albumet ”Tusenvis av ting” i 2010. Det fyrste soloalbum hans, «Martyren», vart gitt ut i haust. Låtane til Skaug har blitt spelt dagleg i over 70 veker på NRK P1 sidan 2010. Samtidig er artisten aktuell som diktforfattar, og saman med debutalbumet lanserte han oppfølgaren til fjorårssuksessen «11 millioner bugg» med boka «En glemmebok».

Laurdag 25. Juli 2015

Whales & This Lake

Dei slapp sin fyrste singel i januar. Nokre veker etter har dei allereie blitt anbefalt av NRK P3, fått oppmerksomhet frå fleire internasjonale musikkbloggar, og spelt ein forrykande debutkonsert på “Revolver” i Oslo. Whales & this lake blir definitivt eit navn å fylgje med på i framtida!

Fredag 24. Juli 2015

Marthe Valle

Den bergensbaserte artisten Marthe Valle gav i 2005 ut debutalbumet “It’s a bag of candy”, eit album som gav ho spellemann for “beste nykommar”. I tillegg var ho nominert i klassen for beste kvinnelige artist. Hausten 2014 kom album nummer tre i rekka, denne gong på klingande nordnorsk! Marthe sin musikk er stadig å høyra på NRK P1, norges største radiokanal.

Laurdag 25. Juli 2015

Hotel Sundal

Hotel Sundal speler melankolsk fjordblues med lyriske røter i mellom anna Olav H. Hauge. Med ærlege, underfundige tekstar fangar Hotel Sundal stemninga i alt frå fråflytta industribygder, forlatte fergeleier til våryr kjærleik mellom høge fjell. Ein gong tok Hotel Sundal imot turistar frå den store verda som ville oppleve Hardangerfjorden. No vandrar Hotellet vidare i eit enkelt og stilreint musikalsk landskap. Hotel Sundal sin EP kjem ut til hausten.

Laurdag 25. Juli 2015

Fredag


17:00 Festivalstart
18:30 Konsert: Elsa & Emilie
20:00 Konsert: Thomas Dybdahl (solo)
21:30 Konsert: The Lionheads
23:00 Konsert: Whales & This Lake
00:00 DJ: Thomas André

Laurdag


12:00 Aktivitetar på området
14:30 Konsert: Hotel Sundal
17:00 Konsert: Trygve Skaug & Marthe Valle
18:30 Konsert: Jonas Alaska
20:00 Konsert: Pony the Pirate
21:30 Konsert: Tiebreaker
23:00 Konsert: C L M D

Billettar

Fabrikken 2015 skal vere ein festival for alle. Derfor er det gratis inngang for barn opp til fylte 10 år. Personar under 18 år må vere i følgje med verge over 25 år (Maks 4 mindreårige pr verge). Det vert utarbeida vergeavtale ved inngangen. Dersom du skal vera frivillig, les her først!

Festivalpass

Vær tidlig ute og kjøp billett til årets festivaleventyr på Huglo!

Kr 890,-

+ billettavgift 35 kr

Fredagspass

Opplev fantastisk festivalstemningen på "fabrikken-fredag" 24. juli 2015

Kr 520,-

+ billettavgift 30 kr

Lørdagspass

Sommarstemning heile dagen og halve natta, laurdag 25. juli på Fabrikken 2015.

Kr 520,-

+ billettavgift 30 kr

*Begrenset antall billetter

Billettar kan du óg kjøpa på www.hoopla.no, Huglabutikken, eller ved inngangen.

Kan eg overnatte utandørs?

Fabrikken

Reise

Overnatting

Mat & drikke

Fritid

Frivillig

Sponsor

Spm & svar