Fabrikken 2015

Fabrikken vart oppretta i 2012 av ei gruppe unge vaksne på øya Huglo i Sunnhordland. Målsettjinga var å arrangere ein festival som viser kva eit lite øysamfunn kan by på. Huglo er ei øy med 90 fastbuande. Meir om Huglo her: www.huglo.no. Eit ynskje om å knyta band mellom fastbuande, studentar og fritidsgjester, og, ikkje minst, presentere øya til omverda låg bak initiativet til arrangement. Målet var, og er, å tilby kulturopplevingar av høgste kvalitet i ei original, ekslusiv og profesjonell ramme.

Fabrikken 2012 vart arrangert 27-28. juli 2012 på den nedlagde møbelfabrikken, idyllisk plassert i strandkanten. Heile 10 artistar spelte, mellom anna Sondre Lerche, Elvira Nicolaysen og Thea Hjelmeland. I tilleg til eit høgt fokus på god musikk vart det også lagt vekt på matopplevinga. Heile ramma førte til kjempestemning på festivalen der dei fleste på øya, både fastbuande men også mange hyttefolk, engasjerte seg som frivillige. Publikum kom frå fjern og nær og tilbakemeldingane var gode både frå publikum og artistar.

Fabrikken2015 går føre seg 24. og 25. juli 2015. Festivalområdet er ein gamal møbelfabrikk som ligg heilt nede i strandkanten. Uteområdet mot sjøen vert brukt som sceneområde medan lagerhallane mellom anna vert brukt som kafé, sitteplassar og discotek. På Fabrikken bryt me den industrille stilla og gjev store opplevingar i rommet mellom betong og sumarsjø. Grunna størrelsen på området har me ein kapasitet på 800 personar inne på området per dag. Dette gjer at Fabikken er både ein annleis og eksklusiv .

I tillegg til musikken ynskjer Fabrikken å fokusere på ei god matoppleving. Me vil gje dei besøkande ei ekte matoppleving med lokale, kortreiste råvarer. Me vil tilby ein gjennomført meny som viser kva potensialet er her på dette feltet.

Fabrikken ynskjer å tilby skyssbåt, teltcamp, festivalbuss og gjestehamn, slik at publikum enkelt skal koma seg til festivalen og oppleva ekte øyidyll desse dagane. Fabrikken2015 skal gje ei eksklusiv, triveleg og kvalitetsrik festivaloppleving for alle besøkande.Me ynskjer at Fabrikken skal vera den trivelegaste festivalen på Vestlandet!

Fabrikken har mykje på lager!