Fritid

Huglo har mykje på lager også utanom Fabrikken. Nytt høve på søndagen til også å få med deg meir av øya. Eller ta deg eit morgonbad, eller ein liten fjelltur før festivalområdet opnar laurdag.


Natur

Heilt sør på øya finn du Huglo kultur og natursti, det er ei turløype på tre eller fem kilometer. På den lengste rundturen er ein mellom anna innom steinalderbustaden «Kuhidlaren» gamle kopargruver og ei «kvedn» som er ein kopi av kvedna frå gamla dagar. Den lengste løypa tek om lag 1,5-2 timar den kortaste runden tek om lag 1time.

Huglo´s høgste topp, Varden er heile 218 m.o.h. Ein kan komme til varden både frå Nordhuglo ved butikken og midt på øya ved skulen. På toppen har du flott utsikt over Sunnhordlandsbassenget. Turen opp tek ca. 30-45min ein veg.


Badestrender

De er fleire fine strender i nærleiken av Fabrikken. Ved skarvane om lag fem min å gå frå Fabrikken finn du «Vikasanden» som er tilrettelagt med enkelt stupebrett, benkar og grill. Heilt sør på øya finn du «Tveitevågen», som er ei lita og skjerma strand med fine bademoglegheiter. På Nordhuglo er leiro ein fin stad for heile familien. Stranda er langgrunn så her kan dei minste også kose seg i varmt og deiligt vatn.


Sport

På Huglo har me vår heilt eigen fotballstadion, «leirvikestølen» som ligg nord på øya. Her kan ein utfordre naboen til ein alder så liten fotballkamp eller eit slag volleyball.