Vil du vera frivillig?

For at Fabrikken 2015 skal bli ein like stor suksess som i 2012 treng me hjelp. DU er hjarteleg velkomen til staben, om du kan bidra mykje eller lite. Som frivillig får du m.a dagspass til ein av dagane, samt kjenna godt samhald på nært hald. Saman vert me ein flott gjeng i godt selskap med mykje godt humør som lagar verdas trivelegaste festival.

Har du lyst å bidra, eller har spørsmål? Ta kontakt med Janne, 47600978

Kva kan du bidra med?

Me treng hjelp både før, under og etter festivalen.

Billett og frivillig

Veit du at du skal vera frivillig? Ikkje kjøp festivalpass for heile helga, då du ikkje skal betala deg inn den dagen du jobbar som frivillig. (Dagspass endrar ikkje pris etter 1.mars)