Mat & Drikke

Utan mat og drikke, duger helten ikkje. Og heltar vil me ha! På fabrikken kan du få kortreist mat med reine og friske smakar. På lageret vert det servert både varme og kalde rettar i sjangeren ”sunn-lokal-kost”, krydra med ein "fabrikk-snert". Tørsten kan slukkast av kjende drikkar i baren på festivalområdet. Huglo er óg kjend for gode kaffimattradisjonar og folk skal ikkje reisa svoltne frå øya vår.

Velkomne til bords for ei framifrå matoppleving med eit hint av Huglo.