Festivalcamp

Teltcampen til Fabrikken ligg ein triveleg 2 minutts spasertur frå festivalområdet. På campen vil me tilby fasilitetar som toalett, vakthald og glimrande høve til grilling. For å kunne nytta festivalcampen må du ha gyldig festivalpass for gjeldande dag/dagar samt campingbevis.

Du kan sikra deg den beste teltplassen, og dermed bli kongen av campingplassen, ved å sende påmelding til kristoffer@fabrikkfest.no. Send også mail viss det er noko du lurar på angåande camp-overnatting!

Avgifta er på 100 kroner per person som bur på campen. Me har berre moglegheit til å ha telt på festivalcampen.


Hotell

Det er fleire hotell på Leirvik på Stord. Fabrikkbåten vil frakta deg fram og tilbake til Huglo.