Kart

Bil

Huglo ligg ein triveleg 15 minutters ferjetur frå E39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger. Dersom du har tenkt å koma med eigen bil til Fabrikken 2015 tek du ferja anten frå Jektevik på Stord eller frå Hodnanes på Tysnes til Nordhuglo. Frå ferjekaien på Nordhuglo er det om lag 5 km veg til festivalområdet på Sørhuglo. Ferjeruter til/frå Huglo finn du på norled.no

Dersom lesing av ferjeruter ikkje er di sterkaste side, har me sette opp desse avgangstidene som kan passa bra for å koma til Fabrikken2015:

Frå Jektevik ved E39 på Stord:
Fredag og laurdag: 10.30, 12.25, 14.25 – direkte til Huglo (15 min).
15.40, 17.00, 18.50 – via Hodnanes (25 min).

Dersom du vurderer å reisa frå Huglo under festivalen, er dette mogleg (men ikkje noko me vil rå deg til). Dette er aktuelle avgangar fredag: 20.40, 22.10 (ring 91681132), 22.50. Og laurdag: 19.20, 20.40.

Festivalbuss - Fredag

Tid Frå Til Pris
12:45 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
14:40 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
16:05 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
16:30 Tveit Fabrikken Gratis
16:30 Haukanes Fabrikken Gratis
17:00 Nordhuglo Fabrikken Gratis
17:30 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
18:00 Tveit Fabrikken Gratis
18:00 Haukanes Fabrikken Gratis
18:30 Nordhuglo Fabrikken Gratis
19:20 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
22:00 Fabrikken Ferja/Nordhuglo 50kr
22:30 Fabrikken Ferja/Nordhuglo 50kr
24:00 Fabrikken Nordhuglo 50kr
00:30 Fabrikken Tveit 50kr
00:30 Fabrikken Haukanes 50kr
01:30 Fabrikken Nordhuglo 50kr


Festivalbuss - Laurdag

Tid Frå Til Pris
11:45 Tveit Fabrikken Gratis
11:45 Haukanes Fabrikken Gratis
12:10 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
12:45 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
14:40 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
16:05 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
16:30 Tveit Fabrikken Gratis
16:30 Haukanes Fabrikken Gratis
17:30 Ferja/Nordhuglo Fabrikken Gratis
20:25 Fabrikken Ferja/Nordhuglo 50kr
24:00 Fabrikken Nordhuglo 50kr
00:30 Fabrikken Nordhuglo 50kr
00:30 Fabrikken Haukanes 50kr
01:00 Fabrikken Nordhuglo 50kr
01:30 Fabrikken Tveit 50kr
01:30 Fabrikken Haukanes 50kr

Skyssbåt

MS Granvin går direkte frå festivalområdet til Leirvik på Stord etter siste konsert på laurdag. Avgang omlag kl 01.00. Overfartstid er ein liten halvtime.

Pris vaksne: 130 kr.
Pris under 18 år: 60 kr


Båt

Huglo er ei øy i hjarta av Sunnhordland. Den absolutt kjekkaste og finaste måten å koma seg til Fabrikken 2015 er då sjølvsagt med eigen båt. Er du tidleg ute, er det mogleg å få kaiplass like ved festivalområdet ved Tongaskjeret på Sørhuglo. Her er det plass til om lag 15 småbåtar. Elles er det flott gjestehamn på Nordhuglo. Dersom du vil ligga ein annan stad er det mange flotte naturhamner rundt om på Huglo.

Festivalbuss på Huglo vil frakta deg frå kaien på Nordhuglo (og andre stader på øya) til festivalområdet.


Sykkel

Med smale vegar og lite trafikk er Huglo perfekt for sykkel – ta med sykkelen og kom deg enkelt rundt på øya!


Buss

Kystbussen tek deg enkelt langs E39 mellom Stavanger og Bergen. Bussen stoppar på Jektevik, der Huglo er berre ein liten ferjetur unna. Haukeliekspressen går E134 frå Oslo til Haugesund, med byte til Kystbussen mot Huglo. Ruter på nor-way.no

Under festivalen vert det eigen festivalbuss frå ferjekaien og rundt på heile Huglo. Rutetider kjem.


Fly, hurtigbåt

Fly går det til Bergen, Stord og Haugesund. Hurtigbåt går frå Bergen til Leirvik på Stord.