Sponsor

For at Fabrikken2015 skal bli den folkefesten alle ser fram til, treng me mykje støtte. Me har mål om å ytterlegare etablera oss som innovativ aktør i regionen, og for å klare målsetjinga vår treng me gode støttespelarar og samarbeidspartnarar.

Som sponsor vert De først og fremst sikra god profilering før og under Fabrikken2015. Dykkar hjelp vil på same tid gjera det mogleg for oss å auka kvaliteten på arrangementet vårt. Me håpar på eit godt samarbeid der me saman skaper den trivelegaste festivalen i verda.

Me håper og ynskjer svært gjerne at De er interessert i å støtta Fabrikken2015. Ta kontakt om dette er interessant!